Eg håper du vil gje eit bidrag på den digitale bøssa mi for TV-aksjonen. I år går TV-aksjonen til arbeidet WWF gjer for å kjempa mot plast i havet.

I år er den fysiske bøsseaksjonen bytta ut med digital bøssebering. Eg håper at heile familien, alle mine venner og gode naboar i lokalmiljøet har lyst til å gje eit bidrag. Bli med i kampen mot plast i havet, kvart bidrag nyttar.

Kva går pengane til i år?

Tema for TV-aksjonen i år er kampen mot plast i havet, gjennom å etablera og forbetra eksisterande avfallssystem for meir enn 900 000 menneske. TV-aksjonsmidlane er øyremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.

Pengane som blir samla inn går uavkorta til TV-aksjonen og blir utbetalt direkte til TV-aksjonen sin konto. Sjå kva du kan bidra med til TV-aksjonen!

Fant du svaret?