Gå til hovedinnhold
Hvordan får jeg nynorsk tekst på den digitale bøssa mi?
Oppdatert for over et år siden

Hvis du ønsker nynorsk tekst på TV-aksjonsspleisen din, kan du bruke denne teksten:

TV-aksjonen Redd Barna 2023 går til å hjelpe barn i krigsramma land så dei kan leva i fred.

Eg håpar at familie, vener og gode naboar i lokalmiljøet har lyst til å gje eit bidrag til mi digitale innsamling! Bli med å hjelpe, kvart bidrag nyttar!

Kva går pengane til i år?

I år går TV-aksjonen til Redd Barnas arbeid for å hjelpa barn ramma av krig og konflikt. Saman kan me gi over 100 000 barn høve til å leika, læra og leva i fred. Kvart sjette barn i verda veks opp i krig og konflikt, og det har aldri vore så mange barn på flukt som nå. Redd Barna er til stades der barna treng det, og bidreg til at barn, og dei som stiller opp for dei, får hjelpa dei treng. Det er dei frivillige og feltarbeidarane i nærmiljøet som er dei ekte heltane. Dei bidreg til at barna får ein tryggare barndom. Derfor går midlane til tiltak som gjer familiane, skulane og nærmiljøa tryggare for barn.

Svarte dette på spørsmålet?